BokkeReidars Blues Band lanserer "Lavmælt" - ei intim akustisk oppleving.
"Lavmælt"-prosjektet tek det heile nedpå og blir spelt utan noko form for lydanlegg. Dette blir ein BokkeReidars-konsert heilt utanom det vanlege - langt vekk frå høgt desibelnivå og sveitte dansegolv.
Konseptet er allereie prøvd ut, og tilbakemeldingane er udelt positive. Dette er eit BokkeReidars i ny og spennande innpakking!
Med sitt akustiske konsept gir "Lavmælt" publikum moglegheita til verkeleg å kjenne på dynamikken i musikken. Bandet klarer å gå frå det sarte og stille til full trøkk nærmast frå ei takt til den neste. Dette er eit rutinert band med ein svært vital frontfigur, og tekstane vekkjer både
begeistring og humring.
BokkeReidars Blues Band består av:
• Klaus Blø: gitar
• Steinar Høydal: piano
• Gunnar Solheim: vokal
• Terje Hanssen: trommer
• Svein Hunnes: bass
• Andre Folkestad: trombone
• Ivar Kvangardsnes: trompet
• Trond Johnsen: tenorsaksofon
Ikkje gå glipp av moglegheita til å oppleve BokkeReidars Blues Band i ei heilt nedstrippa og akustisk utgåve. Dette blir nært, vart og intimt - ei unik musikalsk oppleving som vil etterlate eit varig inntrykk.
Dørene opnar kl 19:00
Konserten startar kl 20:00
Biletten kr 290,- pluss bilettavgift, totalt kr 305,-